Oppfordring til norske myndigheiter om å handle før det is for seint
Det er på tide med norsk innsats for å sikre at internasjonale avtalar og institusjonar verkeleg fungerer.
Romfararane på Artemis på veg tilbake frå månen beskreiv jorda som ein livbåt i eit enormt stort mørkt univers.
Svaret dei fleste politikarane våre har på korleis ein kan sikre livsgrunnlaget og fred på jorda er (så ulogisk det kan høyrast) å eskalere rustningskappløpet og produsere meir avanserte og øydeleggande våpen.
Dei som meiner at vi ikkje skal arbeide for å oppnå ei rettferdig verdsordning, men vere feige og la dei sterkaste bøllene få ture fram utan straff inntil livet på jorda er utsletta har medansvar for denne utviklinga. Å meine at vi er få, og at det betyr lite eller ingenting kva vi seier er passiv støtte til avviklinga av det som tross alt finst av rettsordningar i verda. Viss dei små nasjonane slo seg saman for å bruke straffedomstolane med krav om straff og erstatning for drap og øydeleggingar, boikott -tiltak og liknande ville det vere mindre freistande å starte folkerettsstridige krigar, innblanding i andre land sine indre tilhøve, sjørøveri og liknande.
No gjentar historia frå tida før 2. verdskrigen seg i USA. Feigheit både innanlands og ute i verda gjer at ein maktsjuk despot får ture fram utan at nokon tør seie frå. Nokre få heiderlege unntak er paven og den spanske statsministeren.
Eit bilete på dagens verdssituasjon kan vere at den norske regjeringa la ned politi og domstolar og let kriminelle gjengar ustraffa ta seg til rette med vold og plyndring.
Tida for dobbeltmoral og feigheit bør avsluttast umiddelbart for å hindre øydelegging av livsgrunnlaget på den flotte planeten vår!
Hallgeir Wuttudal,
Leiar FOR (Fred og Rettferd) Møre og Romsdal
